Piggdækkè ungdomsklubb startar

Heia!
Fredag 11.11.11 startar Piggdækkè ungdomsklubb opp igjen etter ein lang pause. No har vi flytta til Aure Arena. Vi har også flytta klubbkvelden frå torsdag til fredag. Og tidspunktet er sett til 18.30 - 22.30. Så vi startar med innviing av nye lokalar, medlemsmøte og foreldremøte.?.men vi har mest ingen medlemmar enno for alle medlemskap vart avslutta til sommaren:0??..
Første kveld er likevel gratis, men sia vil det kosta 30,- kroner å komme inn for ikkje-medlemar. Vil tru mange har lyst å melde seg inn, og innmeldinga skjer no på nett. Her kjem ei oppskrift på korleis du skal gjera det:
ü Gå inn på www.aure.kommune.no
ü Gå inn på meny til venstre og klikk på Barn, ungdom og familie
ü -klikk på les mer under Aure ungdomsklubb eller Ungdomsklubber
ü klikk så på Innmeldinge/utmeldinger ungdomsklubb og da er du framme ved registreringskjema for å melde deg inn.
Velkommen skal du væra som medlem!
Vi skal velje nytt styre første kvelden. I år kan alle som har lyst til å være med å bestemme korleis ungdomsklubben skal være melde seg til val. For å være med i styre må du være medlem, det er sjølvsagt - og så må du seia frå at du vil innan torsdag den 10.11. Det kan du gjera med å senda namnet ditt med melding til Kristine på nr. 944 23 669 eller på e-post til krimits@hotmail.com Du kan gjerne skriva noko om kvifor du har lyst til å sitte i styret. På fredagen skal det stemmas, og namnet ditt kjem opp på ei liste.
Det vil verta ein del nye ting, tang og reglar og alt dette vil du få vete etter kvart. Ungdomsklubben er klubben til ungdommane, der du kan være med å påverke - om du har lyst til det. Der er også ein stad som skal væra trygg, og som skal ha opne dører for dei som vil være med frå 7. trinn til 18. år.
Adresse til blogg: http://aureungdomsklubb.blogg.no/ Facebooksida: http://www.facebook.com/home.php?ref=hp#!/profile.php?id=100001998049280
Husk å sei i frå til dei vaksne i huset ditt at dei må koma på møte!
Og by the way, Foreldre og medlemsmøtet startar kl. 19.00.
Med venleg helsing frå Piggdækkè ungdomsklubb
ført i penn av klubbleiar
Ingvild Bakk
For kontakt 71 64 74 72 eller 922 14 171